Og det allereie før den har begynt.
Mats Solheim (24) frå Loen meldte overgang til Kalmar FF etter tidvis å ha storspelt på Fosshaugane gjennom 2011-sesongen. I Sverige har han fått ein god start hos sin nye arbeidsgjevar, med tilitt frå start i alle treningskampane til no i sesongoppkøyringa.
- Eg stortrivst her borte. Alt verkar å vere veldig rett - både sportsleg og sosialt, seier Solheim til firda.no.
Alvorleg skade
Men trass stor tillitt i vinter, kan seriedebuten i svensk fotball la vente på seg for nordfjordingen.
Midt i ein treningskamp mot storklubben AIK kollapsa nemleg kneet til den tidlegare Sogndal-profilen. No fryktar han at 2012-sesongen kan vere over for hans del, før den i det heile tatt har komme skikkeleg i gang.
- Eg begynte å kjenne det i kneet like etter ein løpsduell. Det kom heilt uanmeldt, og eg trudde eg skulle greie å jogge det av meg, men i staden kollapsa heile kneet ti minutt etterpå. Etter endå eit kvarter kollapsa kneet på nytt, og då måtte eg berre gje meg, seier Solheim til firda.no
Han fortel at det gjorde svært vondt medan det stod på, og at han difor ikkje brukte lang tid på skjønne at det var snakk om ein alvorleg skade.
- Håpar korsbandet blir skifta
- Men eg har hatt lange skadeavbrot tidlegare og komme sterkt tilbake. Det gjeld berre å ha tolmod og ta den tida ein treng, smiler 24-åringen, som tar det heile med stoisk ro.
I etterkant av treningskampen, som enda med at han måtte ut på båre, har legane slege fast at det er korsbandet som er råka. Dette inneber eit betydeleg lengre skadeavbrot enn om det til dømes hadde vore ein meniskskade.
- For å vere heilt ærleg håpar eg faktisk på å få skifta ut korsbandet, men det må fleire undersøkingar til før ting vert heilt avklart, seier Solheim.
Skulle det ende med at korsbandet blir skifta reknar ein normalt ein opptreningsperiode på minst seks månader.
- Eg har det ikkje travelt. Det viktigaste er at eg blir frisk, så får den ordentlege debuten komme når den kjem, seier ein optimistisk Mats Solheim.