Sky ikon
EIGEDOM | MOTOR | JOBB | FOTO | LIVE
...
HANDLAR: Jonas Olsson overtok som hovudtrenar i Sogndal Fotball frå 1. januar. 24 dagar seinare kjøpte han sin første spelar. Foto: Stig Roger Eide/FIRDA

Olssons første signering

Finsk midtstoppar klar for Sogndal.

Oppdatert 25.01.2012 kl 11:09

Den finske midtstopparen Hannu Patronen signerte tysdag kveld ei toårskontrakt med Sogndal Fotball.

– Vi er glade for att Hannu kjem til Sogndal, og vi ser fram til å integrere han med resten av klubben og bygda, seier assistenttrenar Håvard Flo til Sogndalfotball.no.

Gler seg til å komme i gang

Finnen var med når nye-trenar Jonas Olsson sitt mannskap møtte Brann og Sandnes-Ulf under Vestlandsmeisterskapen i Bergen førre helg, og kjem frå den svenske klubben Helsingborgs IF. Der har han notert seg for 44 kampar og to mål i den svenske eliteserien Allsvenskan.

- Eg ser fram til å komme til Sogndal, på den korte tida eg har vore der tidlegare i år har eg mellom anna sett at treningstilhøva er veldig gode, seier Patronen til klubben sine nettsider.

Og sjølv om den finske stopparen kjem til eit lag mange spår eit tøft andreår i Tippeligaen, har han høge ambisjonar for seg sjølv og laget.

– Sogndal har veldig gode spelarar i troppen, og med namn som Tore Andrè Flo og Eirik Bakke trur eg vi kan vere med å hevde oss opp mot midten av tabellen, sjølv om det er litt tidleg å seie endå, fortel Patronen.

Første kjøp

Hannu Patronen vert med det svenske Jonas Olsson si første signering etter at han overtok som sjef på Fosshaugane for 24 dagar sidan. Sidan sesongslutt i november i fjor har samtundes profilar som Even Hovland, Isak Scheel og Mats Solheim forsvunne ut stadionporten.

Patronen har skrive under ei 2-årskontrakt med kvittrøyene, og kjem til saftbygda vederlagsfritt som bosmanspelar.

Fotball

Sesongen kan vere over for Solheim

Avslo tilbod frå Sogndal

Finsk spelar fekk sjansen i Sogndal

Førde knuste Florø 5-2

Vart vraka på bursdagen

Solvik forlét Førde

Fotball

Sesongen kan vere over for Solheim

Avslo tilbod frå Sogndal

Finsk spelar fekk sjansen i Sogndal

Førde knuste Florø 5-2

Vart vraka på bursdagen

Solvik forlét Førde

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
EIGEDOM | MOTOR | JOBB | FOTO | LIVE
KONTAKT OSS
Tipstelefon: 57 83 33 33
Sentralbord: 57 83 33 00
E-post: redaksjon@firda.no
Firda Media AS, Postboks 83, 6801 Førde
Besøksadresse: Firdavegen 12
Kundesenter: www.firda.no/kundesenter

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale