Sky ikon
NYTT | Foto | Fotball | Skatt | Sport | Ver
...
Forhandlingane om Even Hovland er avslutta. Dermed er det klart at midstopparen blir i Sogndal. Foto: Idar Stadheim

Vil likevel hente Hovland

Molde gir ikkje opp Even Hovland.

Oppdatert 03.09.2010 kl 10:39

Sogndal-spelar Even Hovland sin overgang til Molde vart stoppa like før overgangsvinduet stengde 31.august. Klubbane vart ikkje einige.

– Vi forhandla, men kom aldri nærme nok til at vi kunne lande ein avtale. Vi gav Sogndal eit bud som vi meiner er godt i dagens marknad. Dei ville ha atskilleg meir pengar, seier direktør Tarje Nordstrand Jacobsen til rbnett.no.

Sogndal sa ja

Molde har følgt Hovland tett i to år. I fjor haust prøvde klubben å kjøpe midtstopparen for første gong. Men i vinter var ein overgang svært nære.

– I mars var samtalene konkrete, og då fekk vi beskjed om at Sogndal aksepterte tilbodet som låg på bordet. Likevel sa dei nei fordi det var så få dagar igjen av vindauget at dei ikkje rakk å hente ein erstattar, seier direktøren vidare.

Vil prøve i januar

Sjølv om Nordstrand Jacobsen har fått nei fleire gongar, vil Molde prøve seg igjen over nyttår.

– Vindauget i januar er ein ny sjanse og vi kjem nok til å prøve ein gong til, stadfestar Tarje Nordstrand Jacobsen.

Fotball

Sogndal tok sigeren

Les kampreferatet på Firda LIVE

Sjå kven Sogndal møter i TV-ruta

Hektiske dagar for Gjermundstad

Sogndal testar brør

Fimreite signerte for toppklubb

Fotball

Sogndal tok sigeren

Les kampreferatet på Firda LIVE

Sjå kven Sogndal møter i TV-ruta

Hektiske dagar for Gjermundstad

Sogndal testar brør

Fimreite signerte for toppklubb

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
NYTT | Foto | Fotball | Skatt | Sport | Ver
KONTAKT OSS
Tipstelefon: 57 83 33 33
Sentralbord: 57 83 33 00
E-post: redaksjon@firda.no
Firda Media AS, Postboks 83, 6801 Førde
Besøksadresse: Firdavegen 12
Kundesenter: www.firda.no/kundesenter

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale