Sky ikon
NYTT | Foto | Fotball | Skatt | Sport | Ver
...
Forhandlingane om Even Hovland er avslutta. Dermed er det klart at midstopparen blir i Sogndal. Foto: Idar Stadheim

Hovland blir i Sogndal

Klubbane sine situasjonar og økonomisk usemje avgjorde forhandlingane

Oppdatert 01.09.2010 kl 10:55

Molde og Sogndal vart ikkje einige om det økonomiske. Dermed er det klart at Even Hovland blir i Sogndal.

Dette skriv Sogndal Fotball på nettsida si tysdag føremiddag.

Men klubben nemner ikkje berre det økonomiske som grunn for at forhandlingane stogga.

Situasjonen til grunn
- Den sportslege situasjonen med Sogndal på topp i Adeccoligaen og Molde med trenarbyte og botnstrid i Tippeligaen, gjer at konklusjonen vert at Even Hovland spelar for Sogndal i alle fall resten av sesongen, seier sportssjef Trond Fylling til sogndalfotball.no.

Aksepterer situasjonen
Fylling fortel til nettsida at Hovland sjølv er veldig profesjonell, og har akseptert at det ikkje blir noko av overgangen.

- Even var innstilt på eit miljøskifte no, men både han og vi må vere realistiske, seier Fylling, som trur at Sogndal no beheld spelarane sine før overgangsvindauget stengjer.

- Men ein skal aldri seie aldri, fastslår Fylling.

Fotball

Sogndal tok sigeren

Les kampreferatet på Firda LIVE

Sjå kven Sogndal møter i TV-ruta

Hektiske dagar for Gjermundstad

Sogndal testar brør

Fimreite signerte for toppklubb

Fotball

Sogndal tok sigeren

Les kampreferatet på Firda LIVE

Sjå kven Sogndal møter i TV-ruta

Hektiske dagar for Gjermundstad

Sogndal testar brør

Fimreite signerte for toppklubb

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
NYTT | Foto | Fotball | Skatt | Sport | Ver
KONTAKT OSS
Tipstelefon: 57 83 33 33
Sentralbord: 57 83 33 00
E-post: redaksjon@firda.no
Firda Media AS, Postboks 83, 6801 Førde
Besøksadresse: Firdavegen 12
Kundesenter: www.firda.no/kundesenter

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale