Sky ikon
NYTT | Foto | Fotball | Skatt | Sport | Ver
Barry Kader feira si 2-0 scoring med eit stykke imponerande akrobatikk. Dermed snudde han både seg sjølv og den siste sogndal-trenden på hovudet.
Barry Kader feira si 2-0 scoring med eit stykke imponerande akrobatikk. Dermed snudde han både seg sjølv og den siste sogndal-trenden på hovudet. Foto: Stig Roger Eide

Snudde trenden på hovudet

Sogndal vann 2-0 over Moss.

Idar Stadheim
Oppdatert 30.08.2010 kl 08:12

Det var eit sprekare Sogndal-lag som fekk med seg tre poeng på heimebane mot Moss i kveld. Dermed var den siste dårlege trenden snudd, og laget har igjen festa grepet om tabelleiinga.

Kader storspelte
Barry Kader var i aller høgste grad involvert i Sogndal sin viktige 2–0 siger, og scora Sogndal sitt andre mål for kvelden.

- Det var godt med ein siger i dag, sa kader etter kampen, og fortalde at han no går rundt og drøymer om tippeligaspel, saman med resten av laget.

Sogndal sitt første mål kom på straffe, i det 59. minutt, og blei sett i nettmaskene av Ole Jørgen Halvorsen. Dermed blei det to av Sogndal sine kantspelarar som avgjorde oppgjeret for sogningane.

Farlege på kantane
Henrik Furebotn framheva kantspelet til Sogndal som avgjerande for at dei tok tre poeng denne kampen.

- Her fungerte det betre enn dei førre kampane. Vi får involvert kantane våre meir, og då spelar også laget betre, seier Furebotn, som også blei kåra til Sogndal sin beste spelar i oppgjeret.

Midtbanespelaren synest også at Moss ikkje var særleg gode i kampen, og at dei skapte svært få sjansar som kunne true Sogndal.

Misnøgd i første
Sogndal-trenar Harald Aabrekk fortel at han var skuffa etter første omgang, og syntes at Sogndal skapte lite i denne perioden.

Men trenaren legg til at han ikkje var nøydd til å seie noko som helst til spelarane i pausen.

- Dei skjønte sjølv kva dei måtte gjere, seier Aabrekk, og fortel om eit heilt nytt lag som kom på bana i andre omgang.

- Då fekk kantane våre til langt betre spel, seier Aabrekk.

Du kan lese korleis kampen utarta seg ved å følgje denne linken

Fotball

Sogndal tok sigeren

Les kampreferatet på Firda LIVE

Sjå kven Sogndal møter i TV-ruta

Hektiske dagar for Gjermundstad

Sogndal testar brør

Fimreite signerte for toppklubb

Fotball

Sogndal tok sigeren

Les kampreferatet på Firda LIVE

Sjå kven Sogndal møter i TV-ruta

Hektiske dagar for Gjermundstad

Sogndal testar brør

Fimreite signerte for toppklubb

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
NYTT | Foto | Fotball | Skatt | Sport | Ver
KONTAKT OSS
Tipstelefon: 57 83 33 33
Sentralbord: 57 83 33 00
E-post: redaksjon@firda.no
Firda Media AS, Postboks 83, 6801 Førde
Besøksadresse: Firdavegen 12
Kundesenter: www.firda.no/kundesenter

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale