Sky ikon
NYTT | Foto | Fotball | Skatt | Sport | Ver
...
Sogndal Fotball lukkast ikkje med å sikre seg stortalentet Ruben Holsæter då dei var i Førde på måndag. Foto: Stig Roger Eide

Sa nei til Sogndal - får kritikk

Kritiserer Førde for ikkje å gi stortalent sjansen.

Oppdatert 25.08.2010 kl 11:57

Sogndal Fotball prøvde måndag å hente Ruben Holsæter frå Førde.

Dagleg leiar Egil Mundal i Sogndal Fotball reagerer på at dei ikkje lukkast.

Ikkje i same land
- Vi var i Førde måndag, der vi prøvde å få Ruben Holsæter speleklar frå i haust. Men vi var ikkje i same land når det gjaldt det økonomiske. Det Førde kravde for Ruben er ikkje i takt med resten av marknaden i norsk fotball, og vi var veldig langt frå kvarandre, seier Mundal til Sogn Avis.

Han er kritisk til at Førde ikkje vil sleppe stortalentet sitt til den opprykksjagande 1. divisjonsklubben.

- Eg synest ikkje Førde bør leggje hindringar for at Holsæter skal få prøve seg på eit høgare nivå. Det er merkeleg at det er viktigare for klubben å overleve i 2. divisjone enn å late ein av sine eigne prøve seg som proffspelar, seier Mundal.

Taper mot større klubbar
Fleire klubbar har vist interesse for 19-åringen frå Førde. Søndag var representantar frå Brann til stades då Holsæter scora det avgjerande målet i 2-1 sigeren over Fana.

Les også:

Mundal vedgår at Holsæter kan glippe for Sogndal dersom større klubbar med store økonomiske midlar kjem på bana.

Styreleiar Rasmus Værn i Førde IL Fotball stiller seg undrande til Egil Mundal sine utsegner.

- Vi har som målsetjing å halde oss i 2. divisjon i år. Dei krava det vert referert til er det vi sportsleg og økonomisk meiner vi treng for å erstatte Ruben på ein måte som sikrar oss framleis spel i 2. divisjon etter denne sesongen, seier Værn til Sogn Avis.

Fotball

Sogndal tok sigeren

Les kampreferatet på Firda LIVE

Sjå kven Sogndal møter i TV-ruta

Hektiske dagar for Gjermundstad

Sogndal testar brør

Fimreite signerte for toppklubb

Fotball

Sogndal tok sigeren

Les kampreferatet på Firda LIVE

Sjå kven Sogndal møter i TV-ruta

Hektiske dagar for Gjermundstad

Sogndal testar brør

Fimreite signerte for toppklubb

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
NYTT | Foto | Fotball | Skatt | Sport | Ver
KONTAKT OSS
Tipstelefon: 57 83 33 33
Sentralbord: 57 83 33 00
E-post: redaksjon@firda.no
Firda Media AS, Postboks 83, 6801 Førde
Besøksadresse: Firdavegen 12
Kundesenter: www.firda.no/kundesenter

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale