Førde og Tornado Måløy like gode i treningskamp.
I fjor kjempa Førde og Tornado Måløy gjennom heile sesongen om den øvste plassen i Firdaligaen. Laurdag møttest laga i ny duell, denne gongen i treningskamp på Eid idrettspark.
Mykje bra
Thor Erik Nygård sende 2.divisjonslaget i føringa, før eit sjølvmål auka leiinga til 2-0. Førde hadde også ein tredje ball i nota, men denne scoringa vart underkjend av dommaren.
– Det vi viste fram i denne perioden var bra. Då hadde spelarane eit høgt tenningsnivå, men istadenfor å fullføre i denne stilen, skjer det noko mentalt med spelarane, seier Førde-trenar Knut Erik Folland og såg at Tornado Måløy reduserte med ei perle frå Sveinung Frantzen.
Store sjansar
Tidleg i andre omgang var utlikna Frantzen til 2-2 frå straffemerket.
– Då var det tydeleg at Tornado Måløy var meir tente enn oss, og dei ville vinne kampen, seier Folland.
Men trass i store målsjansar til begge lag på slutten av kampen, enda oppgjeret på Nordfjordeid 2-2.
To menn prøvde å valdta kvinne
- Gjer for lite for å berge sjukehuset