Med nok ein skade vart det ikkje Sogndal-kontrakt for Erlend Kvalheim
Tornado Måløy-spelaren hadde sitt andre prøvespel for Sogndal i februar, men dessverre enda opphaldet med eit kraftig overtråkk, som spolerte sjansane for kontrakt med klubben.
- Det var jo surt, sjølvsagt. Eg hadde håpa at det skulle gå vegen, men det skar seg. Eg fekk beskjed om å halde meg skadefri, men det klarde eg ikkje. Det gjekk ikkje vegen vi håpa, seier Kvalheim.
Han legg til at han framleis studerer i Sogndal, og trenar med laget.
- Vi får sjå kva som skjer vidare, seier Kvalheim.
At det tre månader lange prøvespelet ikkje resulterte i kontrakt, gjer at Tornado Måløy no får ein kjærkomen forsterking i 2010-sesongen, dersom Kvalheim blir skadefri.
- Eg skal ta MR i morgon, så då får eg svar på kor lenge eg blir vekke. På Måndag er det tre veker sia skaden skjedde, seier den skadeforfulgde forsvarsspelaren.
Han fortel at det sjølvsagt hadde vore kjekt å få spele for Sogndal, men at han framleis vil kjempe i Tornado Måløy.
- I fjor var vi med og kjempa med Førde, så eg håpar at oppturen kan halde fram, seier Kvalheim.
Les kampreferatet på Firda LIVE
Sjå kven Sogndal møter i TV-ruta
Les kampreferatet på Firda LIVE
Sjå kven Sogndal møter i TV-ruta