Sky ikon
EIGEDOM | MOTOR | JOBB | FOTO | LIVE
...
STARTAR BUSINESS: Emil Hegle Svendsen (t.v.) og Tarjei Bø satsar også utanfor sporet. Foto: Terje Pedersen/ANB

Satsar pengar på treningssenter

Tarjei Bø og Emil Hegle Svendsen.

Oppdatert 25.01.2012 kl 11:21

Etter nokre forferdeleg resultat på standplass og i sporet den siste tida, håpar skiskyttarkompisane Tarjei Bø og Emil Hegle Svendsen på suksess med sitt siste påfunn. No opnar dei eige treningssenter for «Ola Nordmann» på Lillehammer, der dei begge bur.

Investerer tre mill

- Vi gler oss til å trene saman med lillehamringane. Ønskjet er å skape eit godt treningsmiljø. Med topp utstyr, effektiv oppfølgjing og kompetente personlege trenarar vil senteret tilby noko ekstra for medlemmene sine. Dette skal vere eit senter for alle, med tilbod om kurs i trening og kosthald, seier skiskyttarstjernene til Dagens Næringsliv.

I alt er det investert dryge tre millionar kroner i senteret, som vert 600 kvadratmeter stort. Hovudaksjonærar er Bø, Hegle Svendsen og investoren Thomas Almskog.

Stryningen Bø og lagkameraten eig ifølgje DN 22 prosent kvar i senteret, og skal også fungere som personlege trenarar og halde føredrag for medlemmene.

Deira eigen baby

- Det blir spennande å jobbe med folk på det personlege planet, både dei som er godt trente og dei som akkurat har begynt. Vi har høyrt mykje om treningsiveren og gleda med det å trene i distriktet, så no får vi sjå om det stemmer, seier Bø og Svendsen.

- Vår innsats i senteret i tillegg til å vere to av hovudinvestorane, er å trene og vere tilstades i treningsstudioet utanom sesongen. Dette blir vår eigen lille baby, seier dei til DN.

Sport

Sesongen kan vere over for Solheim

Avslo tilbod frå Sogndal

No er han klar for VM

Stadig fleire hugsar hjelmen

- Eg håpar folk ser det er fake

Gullet rauk på siste skyting

Sport

Sesongen kan vere over for Solheim

Avslo tilbod frå Sogndal

No er han klar for VM

Stadig fleire hugsar hjelmen

- Eg håpar folk ser det er fake

Gullet rauk på siste skyting

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
EIGEDOM | MOTOR | JOBB | FOTO | LIVE
KONTAKT OSS
Tipstelefon: 57 83 33 33
Sentralbord: 57 83 33 00
E-post: redaksjon@firda.no
Firda Media AS, Postboks 83, 6801 Førde
Besøksadresse: Firdavegen 12
Kundesenter: www.firda.no/kundesenter

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale