Friidrettsutøvarane frå Sogn og Fjordane med flotte prestasjonar under UM i friidrett.
Narve Heggheim i friidrettskrinsen er nøgd med innsatsen til dei 32 utøvarane frå fylket.
– Det var eit godt meisterskap for utøvarane sjølv om nokre som var venta i toppen i enkelte øvingar ikkje har klaff og får markert seg som venta, seier han.
Han let seg særleg imponere over Sander Sekkingstad Terum (Aurland), Øyvind Strømmen Kjerpeset (Florø) og Mari Sollid Eide (Sandane) som alle presterte godt på løpsøvingane.
– Ja, det er gledeleg å sjå at det kjem opp løparar som markerer seg og at fire av fem gull kjem i desse øvingane. Tradisjonelt har vi henta heim mest medaljar i tekniske øvingar, men her gjekk det litt stong ut i årets meisterskap for fleire av utøvarane våre, seier han.