Sky ikon
NYTT | Foto | Fotball | Skatt | Sport | Ver
...
Even Hovland er ute med skade mot Sarpsborg Foto: Stig Roger Eide

Seier nei til kjøpar

Sogndal ikkje interessert i bodet som kom inn på Even Hovland.

Oppdatert 30.08.2010 kl 15:37

– Vi fekk eit bod frå Molde på Even, men har takka nei då det var for dårleg, seier sportsleg leiar i Sogndal Fotball, Trond Fylling til Sogn Avis.

Ifølgje Romsdals Budstikke vil forhandlingane gå utover kvelden, noko som kan føre til at Hovland blir Molde-spelar innan morgondagen. Då går nemleg overgangsfristen ut.

Ikkje hastverk med sal

Fylling seier dei ikkje har noko hastverk med å selje.

Sportsleiaren seier til Sogn Avis at han vart overraska då bodet frå Molde som kom måndag morgon.

– Marknaden er trongt for tida, der få klubbar har pengar å rutta med. Difor hadde vi ikkje rekna med at det skulle koma noko bod, seier den sportslege leiaren og legg til at alle spelarane til Sogndal i utgangspunktet er til sals- dersom prisen er rett.

Ukjent prislapp

– På den andre sida ønskjer me i utgangspunktet å behalda alle spelarane våre, men i fotballen er det av og til slik at ting endrar seg. Totalen er viktig i denne saka, og vi må og ta ein runde med Even og finna ut kva han ønskjer, seier Fylling som ikkje vil ut med kva som er prislappen på Hovland.

Sport

Sogndal tok sigeren

Les kampreferatet på Firda LIVE

Sjå kven Sogndal møter i TV-ruta

Historisk NM-bronse

Desse er best i fylket

Hektiske dagar for Gjermundstad

Sport

Sogndal tok sigeren

Les kampreferatet på Firda LIVE

Sjå kven Sogndal møter i TV-ruta

Historisk NM-bronse

Desse er best i fylket

Hektiske dagar for Gjermundstad

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
NYTT | Foto | Fotball | Skatt | Sport | Ver
KONTAKT OSS
Tipstelefon: 57 83 33 33
Sentralbord: 57 83 33 00
E-post: redaksjon@firda.no
Firda Media AS, Postboks 83, 6801 Førde
Besøksadresse: Firdavegen 12
Kundesenter: www.firda.no/kundesenter

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale