Kynisk spel gir gode resultat.
Førde klarte 1-1 i den viktige bortekampen mot Åsane i dag.
Førde si scoring kom i det 68. minutt ved Terje Sørbø. Etter litt klabb og babb, sendte Sørbø avgårde ei lompe som keeper ikkje klarte å redde.
Berre eit par minutt etter scora Førde på nytt, men dommaren annulerte for angrep på keeper.
Fire cornerar på rad
Etter utlikninga prøvde Åsane å skru opp tempoet, og hadde m.a. fire cornerar på rad i sluttminutta som ikkje gav ut resultat.
Dermed ebba det ut med 1-1 og nok eit sterkt resultat for Knut Erik Folland sine spelarar.
Sju poeng på tre kampar
Førde har no tatt sju poeng på dei siste tre kampane.
Alle desse poenga er tatt etter at Førde-trenaren la opp til ein kynisk spelestil med lange ballar.
Sjekk andre resultat i Førde si avdeling her