Rutinerte spelarar ut – ungdommar inn
Det blir neppe lett for Jølster å halde seg i 3. divisjon. Dei har nemleg mista 15 spelarar.
Unge og uerfarne
Det viser ei oppteljing som Jølster si nettside har gjort. Fleire av dei 15 var svært viktige i fjor då Jølster kom på 7. plass i Firdaligaen. Jølster har henta inn nokre nye spelarar framfor denne sesongen, men alle er unge og uerfarne.
– Må berre prøve
Trenar Leiv Inge Fimreite har innsett realitetane, og ber tilskodarane om å ikkje skru opp forventingane framfor årets sesong – der halvparten av laga rykkjer ned frå Firdaligaen som følgje av divisjonsomlegginga.
– Denne sesongen blir svært tøff for oss. Laget vårt er veldig ungt. Mange rutinerte spelarar har forsvunne, og blitt erstatta med unge spelarar som aldri har prøvd seg på nivået. Men vi lyt berre prøve. Vi skal bite frå oss så godt vi kan, manar Fimreite.
Målsetjing om ståplass
Tysdag skreiv Firda om helgas fotballting. Leiinga til Jølster hadde i utgangspunktet tenkt å røyste imot divisjonsomlegginga, men ombestemte seg då ei utjamningskasse for reiseutgifter kom på bordet. Jølster har som mål å komme blant dei seks beste og dermed kvalifisere seg for den nye 3. divisjonen. Men det skal bli tøft nok. Og Leiv Inge Fimreite meiner at det ikkje er krise om det blir spel i 4. divisjon neste år for det unge laget.
Ingen sportsleg nedtur
– Ingen i Firdaligaen kjem til å gå ut og seie at dei ikkje har ambisjonar om å komme blant dei seks beste laga. Det gjeld oss også. Men eg vil ikkje seie at det er nokon sportsleg nedtur for så unge spelarar som vi har å måtte i 4. divisjon neste år.
Det er spesielt i det bakre leddet at Jølster kjem til å merke at spelarar har forsvunne. Tre gode midstopparar i Stian Kvellestad, Ole Johan Skrede og Ivan Dvergsdal blir ikkje med i år.