Sky ikon
NYTT | Foto | Fotball | Skatt | Sport | Ver
...
Lars Grorud og resten av Sogndals-laget måtte gi tapt mot Sarpsborg måndag kveld. Arkivfoto. Foto: Rune Fossum

Sarpsborg blei for sterke

Sogndal tapte 1-2 i treningskamp

Oppdatert 08.03.2010 kl 21:05

Sogndal måtte gi tapt mot Sarpsborg måndag kveld og tapte til slutt 1-2 etter at dei gjekk i tet 1-0 til pause.

- Rota vekk ballen for mykje

Etter 12 minutt etter spelestart scora Lars Grorud, men det blei også det siste målet for Sogndal.

– Vi spelte ein ok 1. omgang, men slapp oss nedpå og var altfor dårlege etter pause. Vi rota vekk ballen for mykje, og var ikkje i nærleiken av det nivået vi skal vera på. Det er vanskeleg å sei kva som gjekk gale, men dette var veldig skuffande, seier Sogndal- spelar Espen Olsen til Sogn Avis etter kampen.

Ifølgje Sogn Avis var det langt mellom målsjansane, men både Joakim Rudolfsen og Olsen hadde sjansen til å auka leiinga før pause.

- Tilfeldig siger

Trenar Harald Aabrekk var nøgd med spelet og viste til at laget var aggressive og vann ballen.

–Men vi var for unøyaktige i avgjerande situasjonar, mista ballen for lett og ikkje gode nok på detaljane som avgjer fotballkampar. Der må vi opp eit nivå til neste kamp, seier Aabrekk til avisa.

– Sarpsborg skapte ikkje noko utanom scoringane sine, så det er litt tilfeldig kven som sigra i denne kampen. Men vi må vera betre enn dette mot Fredrikstad på fredag, seier Aabrekk.

Sport

Sogndal tok sigeren

Les kampreferatet på Firda LIVE

Sjå kven Sogndal møter i TV-ruta

Historisk NM-bronse

Desse er best i fylket

Hektiske dagar for Gjermundstad

Sport

Sogndal tok sigeren

Les kampreferatet på Firda LIVE

Sjå kven Sogndal møter i TV-ruta

Historisk NM-bronse

Desse er best i fylket

Hektiske dagar for Gjermundstad

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
NYTT | Foto | Fotball | Skatt | Sport | Ver
KONTAKT OSS
Tipstelefon: 57 83 33 33
Sentralbord: 57 83 33 00
E-post: redaksjon@firda.no
Firda Media AS, Postboks 83, 6801 Førde
Besøksadresse: Firdavegen 12
Kundesenter: www.firda.no/kundesenter

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale