Sky ikon
EIGEDOM | MOTOR | NÆRING | FOTO | LIVE
...
FÅR SELSKAP: Her ser vi MS Svanøy klappe til kai ved land på Oppedal 1. juli 2008. Frå sommaren 2012 skal tre ferjer trafikkere sambandet. Foto: Karin Flølo/FIRDA

Set inn ei tredje ferje

Ny «miljøferje» skal ta ein tredel av trafikken på Lavik-Oppedal dei neste ti åra.

Oppdatert 22.02.2012 kl 14:08

Statens vegvesen inviterer fire nasjonale ferjeselskap til å vere med i konkurransen om utvikling og drift av ei meir energi- og miljøeffektiv ferje på strekninga E39 Lavik - Oppedal. Dette skriv Samferdsledepartementet i ei pressemelding.

Den nye miljøferja medfører at det blir tre ferjer på sambandet Lavik - Oppedal, mot to ferjer i dag. Miljøferja skal ta om lag ein tredjedel av all trafikken på sambandet.

- Regjeringa har som mål å redusera klimautsleppa. Dette blir eit viktig tiltak for å nå målet, seier samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Fjord1 med i kampen

Det er selskapa Norled, Torghatten Trafikkselskap, Fjord 1 Fylkesbaatane og Boreal som skal konkurrere om å utvikle ein ferjetype som skal bidra til ei meir miljøvenleg ferjeflåte.

Dei fire selskapa har sidan i fjor vore i dialog med Vegdirektoratet om utvikling av energi- og miljøeffektive løysingar for ferjeflåten.

Dialogen kom i stand etter at Vegdirektoratet i juni i fjor utlyste ein utviklingskonkurranse for drift av ei ny ferje i sambandet E39 Lavik - Oppedal, over Sognefjorden.

I utlysinga vart verfts- og reiarlagsnæringa inviterte til å konkurrera om levering av den mest miljø- og energieffektive ferja.

- Interessante løysingar

- Dei fire tilbydarane har - i utviklingsfasen - lagt fram interessante løysingar, som opnar for store framsteg i arbeidet med ei meir miljøvenleg ferjedrift. For verftsnæringa og verksemder som leverer varer og tenester til verftsnæringa, opnar konkurransen for interessante oppgåver og utfordringar på eit felt og i en internasjonal marknad der det dreier seg om smarte og miljøvenlege løysingar, seier samferdselsministeren.

Ved utlysinga i fjor har staten ikke bunde seg til ein spesiell teknologi. Det gjer at tilbydarane står fritt når det gjeld å utvikla eigne løysingar.

Inngåing av kontrakt for drift av ny ferje i sambandet vil skje i juni i år. Kontrakten skal gjelde for ein periode på ti år.

Samferdsle

Fekk ikkje opna Gaularfjellet

Har jobba på kaia i 30 år

Bruker 40 millionar på å sikre åtte innbyggjarar

To bilførande i bassenget

Kleppa vil ha påbod om vinterdekk

Sperra ferjekaia i éin time

Samferdsle

Fekk ikkje opna Gaularfjellet

Har jobba på kaia i 30 år

Bruker 40 millionar på å sikre åtte innbyggjarar

To bilførande i bassenget

Kleppa vil ha påbod om vinterdekk

Sperra ferjekaia i éin time

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
EIGEDOM | MOTOR | NÆRING | FOTO | LIVE
KONTAKT OSS
Tipstelefon: 57 83 33 33
Sentralbord: 57 83 33 00
E-post: redaksjon@firda.no
Firda Media AS, Postboks 83, 6801 Førde
Besøksadresse: Firdavegen 12
Kundesenter: www.firda.no/kundesenter

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale