Klart for felgfabrikk i Høyanger i 2011.
I overkant av eitt år etter at Høyangers største bedrift Fundo Wheels gjekk konkurs i januar 2009, kjem ei gledeleg nyheit for Høyanger-samfunnet:
Etter planen, startar produksjonen av hybridhjulet i 2011. Dette vart offentleggjort under eit næringslivsmøte i Høyanger onsdag kveld.
Underskriving av avtaler står att
Der står enno att formell avtaleunderskriving mellom det franske selskapet St. Jean Industries og Innovasjon Norge. Men kontaktperson for St. Jean Industries i Høyanger, Einar Aasen, valde å offentleggjere nyheita under møtet med klar ambisjon: – Dette skal vi få til.
Aasen er tidlegare utviklingsdirektør for Fundo, og har vore sentral i utviklinga av hybridfelgen, eller det så kalla to delte hjulet.
Det er heller ikkje skrive kontraktar mellom St. jean Industries og bilfabrikkane.
15 tilsette i 2015?
Det blir ein forsiktig start med 14 tilsette og årleg produksjon på 30 000 felgar. I 2015 er målet 150 tilsette og 500 000 felgar.
Selskapet Hjetland Industripark AS, i samarbeid med Høyanger kommune, vil kjøpe dei gamle Fundo-lokala. Kommunen har allereie fått grønt lys til å bruke omstillingsmidlar.
Franskmennene i St. Jean Industries har tru på hybridhjulet, som dei meiner er miljøvennleg og framtidsretta, kom det fram i møtet.