Sky ikon
EIGEDOM | MOTOR | NÆRING | FOTO | LIVE
...
FÅR KRITIKARROS: Thea Hjelmeland lanserte torsdag plata «Oh the third». Her er ho fotografert saman med klesdesignar Vilde Jensen Hjetland. Foto: Bent Are Iversen/FIRDA

Kritikarjubel for Thea

«Eit herleg rotehovud» , er VG-musikkmeldar Stein Østbø sin dom etter å ha høyrt Thea Hjelmeland sitt ferske popalbum.

Oppdatert 17.02.2012 kl 15:56

Landets to største aviser, Aftenposten og VG, gir begge Førde-artisten Thea Hjelmeland terningkast fem for popalbumet «Oh, the third...», som Hjelmeland lanserte på torsdagens by:Larm-konsert i Oslo.

Thea Hjelmeland frå Førde er endå ein av desse talentfulle artistane som nekter å innrette seg etter konvensjonelle reglar for korleis ei poplåt skal skal høyrast ut, skriv VG-journalist Stein Østbø, som er ein av landets mest erfarne kritikarar.

I staden skaper dei sin heilt eigen fargeglade og ofte fortryllande verd med enkle verkemiddel. Thea trivst like godt aleine med ukulela som i voldsomme arrangement. Heile tida manøvrerer den elastiske og blå røysta hennar seg elegant, ertande og pirrande gjennom vellet av musikk. Nydeleg, held VG fram, og gir albumet eit solid terningkast fem.

Eg var kjempespent på kritikken, og sov dårleg i heile natt. Eg vakna første gang i 5-tida, og seinare klokka 7, då måtte eg berre opp, ut og kjøpe aviser, fortel Hjelmeland, som vart så glad at ho gjekk rundt i Oslos gater og grein i rein gledesrus i morgontimane i går.

Kultur

Nei til MGP – igjen

Unge Florø-talent med MOT

Løyver 400.000 til MGP

Åtte får pengestøtte

For første gong til Sandane

- Det handlar om kva du har gjort

Kultur

Nei til MGP – igjen

Unge Florø-talent med MOT

Løyver 400.000 til MGP

Åtte får pengestøtte

For første gong til Sandane

- Det handlar om kva du har gjort

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
EIGEDOM | MOTOR | NÆRING | FOTO | LIVE
KONTAKT OSS
Tipstelefon: 57 83 33 33
Sentralbord: 57 83 33 00
E-post: redaksjon@firda.no
Firda Media AS, Postboks 83, 6801 Førde
Besøksadresse: Firdavegen 12
Kundesenter: www.firda.no/kundesenter

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale