Sky ikon
NYTT | Foto | Fotball | Skatt | Sport | Ver
...
The Generous Days under Glopperock i 2009. Foto: Svein Heggheim

– Ikkje like moro lenger

Popgruppa, som underheldt både i Los Angeles og i Liverpool, legg musikken på hylla.

Oppdatert 10.03.2010 kl 20:26

Bandet The Generous Days frå Sogn og Fjordane har bestemt seg for å ta pause. Dei gav ut si første EP-plate før jul i 2009.

– Vi er ferdig med det kapittelet. Det er vel ikkje like moro som før, seier vokalist Erik Grov til NRK Sogn og Fjordane.

Sjølv om dei tek pause på ubestemt tid, vedgår Grov at dette kanskje betyr slutt for godt.

Bandet er tre år gammalt, og har spelt på The Cavern i Liverpool, i USA og på Norwegian Wood-festivalen.

Debutalbumet «These are the Generous days» hausta både applaus og mindre god kritikk.

– Vi fekk ein toar til og med, seier vokalisten til NRK. Men han avviser at dårlege kritikkar er årsak til pausen.

Kultur

Slik blir årets Førdefestival

Jølster-kunstnar til USA

- Ein fantastisk fest for oss

- Farmor sikra kongeplassar

Heiar på veslesøster i kveld

- Dette er toppen

Kultur

Slik blir årets Førdefestival

Jølster-kunstnar til USA

- Ein fantastisk fest for oss

- Farmor sikra kongeplassar

Heiar på veslesøster i kveld

- Dette er toppen

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
NYTT | Foto | Fotball | Skatt | Sport | Ver
KONTAKT OSS
Tipstelefon: 57 83 33 33
Sentralbord: 57 83 33 00
E-post: redaksjon@firda.no
Firda Media AS, Postboks 83, 6801 Førde
Besøksadresse: Firdavegen 12
Kundesenter: www.firda.no/kundesenter

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale