Sky ikon
EIGEDOM | MOTOR | JOBB | FOTO | LIVE
...
Breim bygdeutviklingslag fekk overrekt fylkespris. Foto: Helge Johnsen (MMS)

Bygda som satsar på dei unge

Breim bygdeutviklingslag fekk overrekt fylkespris i dag.

Oppdatert 08.12.2009 kl 15:11

– Ungdommen og den oppveksten vi kan gi dei unge, er heilt avgjerande for kva dei vil drive med seinare. Difor satsar vi på entreprenørskap og næring heilt frå dei er små, sa Reiel Felde, då han saman med andre bygdefolk i føremiddag tok imot fylkesprisen for idérike bygdesamfunn.

Prisen som vart overrekt under fylkestingseta på Hermansverk, blir tildelt m.a. for dugnadsånda og det breie engasjementet som pregar Breimsbygda.

I grunngjevinga peikar juryen spesielt på bygdeutviklingslaget sitt engasjement for bygd, skule og entreprenørskap.

– Eitt døme er elevbedrifta Natur, kultur og media ved Gloppen ungdomsskule, som har teke i bruk digital formidling gjennom fylkeskommunen sitt Geoatlas, sa juryleiar Kjartan Longva (Ap), før fylkesordførar Nils R. Sandal (Sp) overrekte prisen.

Kultur

Kritikarjubel for Thea

- Kven bryr seg om det vi driv med?

Begeistra for folkegåva

Målar rett på kroppen

18 vil få fart på kulturen

Slik blir årets Førdefestival

Kultur

Kritikarjubel for Thea

- Kven bryr seg om det vi driv med?

Begeistra for folkegåva

Målar rett på kroppen

18 vil få fart på kulturen

Slik blir årets Førdefestival

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
EIGEDOM | MOTOR | JOBB | FOTO | LIVE
KONTAKT OSS
Tipstelefon: 57 83 33 33
Sentralbord: 57 83 33 00
E-post: redaksjon@firda.no
Firda Media AS, Postboks 83, 6801 Førde
Besøksadresse: Firdavegen 12
Kundesenter: www.firda.no/kundesenter

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale