Sky ikon
EIGEDOM | MOTOR | NÆRING | FOTO | LIVE
...
Pasientombodet vil skifte ut namnet Helse Førde. Fleire innlegg i debatten på firda.no peikar på at leiinga i helseføretaket må leggje om politikken sin før det skal vere noko poeng med nytt namn. Foto: Bent Are Iversen

- Namnet er ikkje problemet

Pasientombodet vil endre namnet Helse Førde. Uvesentleg, meiner fleire, mens andre applauderer forslaget. Kva meiner du?

Oppdatert 09.02.2012 kl 16:32

I årsrapporten skriv pasientombod Ove Mjåtveit at Helse Førde bør skifte namn, fordi namnet er misvisande og truleg også provoserande for mange av innbyggjarane.

Mjåtveit seier til NRK at han trur at eit nytt namn kan vere ein moglegheit til å starte på nytt, etter at sjukehusstriden har splitta fylket i fleire år.

Pasientombodet meiner at helseføretaket sitt namn må reflektere Sogn og Fjordane som ei eining.

Meir og meir presist
- All mogleg honnør til Mjåtveit for innspelet, spesielt at det er heile fylket, det skal leverast helsetenester til. Det er likevel ikkje namnet, men politikken som er problemet, skriv Egil Melvær i kommentarfeltet på firda.no.

Han meiner at krinsen rundt Førde sentralsjukehus framleis vil ha full kontroll, og tvilar på at ei namneendring vil føre til at dei legg om.

- Til denne tid er Helse Førde blitt eit meir og meir presist namn, skriv Melvær, og legg til at han ønskjer ei namneendring velkommen dersom leiinga opptrer som eit Helse Sogn og Fjordane.

Vil ha nytt leiarskap
- Eit helseføretak for heile Sogn og Fjordane finst ikkje. Kvifor skal det då heite Sogn og Fjordane helseføretak, spør Svein-Rune Krakereid.

Aase L. skriv at ein forstår lite av kva som har skjedd dei siste åra, dersom ein trur at alt vil ordne seg, og ein kan begynne på nytt, berre med å skifte namn.

- Vi treng ny leiarskap, nye kostar, skriv ho.

Ingvar Torsvik Myrvollen meiner innspelet frå Mjåtveit er veldig fornuftig.

- Dette ville vore eit lite, men viktig bidrag, til å redusere frontane litt, skriv Myrvollen.

Meiner namn er uinteressant
Sverre Andersen meiner at det er uinteressant kva ein organisasjon heite

- I staden for å bruke tid på namn, burde ein heller fokusere på rammevilkår og kvaliteten på tenestene som vert levert, skriv Andersen.

Helse

Kreftprøvar kan bli liggande to månader

Har behandla dødsfall under Dagmar

No kan også dei få hotell

Eldre i seng før kl. 22

Held fram med å skjere ned

Kan helse bli næring?

Helse

Kreftprøvar kan bli liggande to månader

Har behandla dødsfall under Dagmar

No kan også dei få hotell

Eldre i seng før kl. 22

Held fram med å skjere ned

Kan helse bli næring?

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
EIGEDOM | MOTOR | NÆRING | FOTO | LIVE
KONTAKT OSS
Tipstelefon: 57 83 33 33
Sentralbord: 57 83 33 00
E-post: redaksjon@firda.no
Firda Media AS, Postboks 83, 6801 Førde
Besøksadresse: Firdavegen 12
Kundesenter: www.firda.no/kundesenter

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale