Ikkje råd til å ta over pasientlister frå avtroppande legar.
Unge legar som vil jobbe i Sogndal vert møtt med pengekrav opp mot ein halv million kroner for å overta pasientlister, skriv Sogn Avis.
Det er avtroppande fastlegar som krev pengar for listene.
Rekrutteringstrøbbel
Rådmann i Sogndal, Jostein Aanestad er uroa over rekrutterings-følgjene dette kan få, ettersom fleire gode søkjarar har trekt seg fordi dei ikkje har råd, skriv avisa.
Han stadfestar at kommunen har teke imot krav om så kalla «good will» for pasientlister frå fastlegar. Dei har blitt returnert til sendaren.
– Men det er ikkje kommunen si sak. Pengekravet må rettast mot legar som overtek stillinga, seier Aanestad.
Lege: - Har ikkje vore vanleg i fylket
Det er ikkje berre rådmannen som fortvilar. Kommunelege Per Stensland delar bekymringa.
– Good will-avtaler er eit fenomen som spreiar seg over storbyane. Det har ikkje vore vanleg i Sogn og Fjordane, seier han til avisa.
Legen meiner det er på tide å få på plass rekrutteringstiltak som fungerer i kommunen.
– Det er jo noko som ikkje stemmer her, seier han.
Det har i alt vore 20 legar innom dei ni faste legestillingane i Sogndal den siste tida.
Meiner krava er på sin plass
Leiar i Hordaland legeforeining, Gunnar Ramstad, meiner på si side at det er på sin plass at unge legar betaler good will-pengar til avtroppande fastlegar.
– Det er snakk om å betale for kvaliteten ein lege har bygd opp over fleire år, seier han.