Høgre-leiar Erna Solberg besøkte Førde sentralsjukehus. Sjå også video der Solberg treffer gammal kjenning frå gymnaset.
Med helsestrid og sjukehusomleggingar som bakteppe, fekk Høgres partileiar i går høyre om utfordringane Helse Førde står overfor, og kva akuttsituasjonar det kan handle om i vårt grisgrendte fylke.
Med eit hjartestans-tilfelle på Værlandet som handfast døme, fortalde leiinga i Helse Førde om korleis kombinasjonen av rask førstehjelp frå pårørande, bruk av lokal hjartestartar og utrykking med luftambulansen redda livet til pasienten.
– Det er dette som ofte er avgjerande i dei tilfella der det verkeleg hastar: Kva som kan gjerast med ein gong nærast pasienten, fortalde overlege og luftambulansepersonell Rune Larsen.
Erna Solberg seier til firda.no at sjukehustenestene må vere i endring og tilpassast nye behov, og at ho ikkje er innstilt på å fryse dagens organisering.