Helse Vest held ekstraordinært styremøte i ettermiddag.
Under eit ekstraordinært styremøte i Helse Vest fredag ettermiddag vert det utnemnt nytt styre i Helse Førde.
Det sitjande styret i Helse Førde har ei funksjonstid som går ut i august.
Styreleiar Oddvard Nilsen i Helse Vest grunngir det ekstraordinære styremøte med at dei ikkje har styremøte igjen før i september, og for å få på plass styre i Helse Førde må Helse Vest gjere det på denne måten.
- Det er viktig å få på plass eit nytt styre for å få kontinuitet, seier Nilsen til firda.no.
Han oppgir ikkje innstillinga til styret i Helse Vest før det ekstraordinære møtet.
Ut frå Nilsen sine utsegner til Firda i papirutgåva fredag, der han gir full tillit og sterk ros til Clara Øberg og styret, kan det vere grunn til å tru at både Øberg og store deler eller heile det sitjande styret kjem til å halde fram.