Helse Vest: – Det bør vere eit døgntilbod for unge psykisk sjuke i Helse Førde.
Ungdomsavdeling for psykisk helsevern (UPH) i Førde kan bli halvert.
I brev til Helsetilsynet gjev Helse Vest klarsignal til at åtte plassar kan gjerast om til 4–5.
Nedleggingstruga
Det spissa seg til førre månad då PriceWaterHouseCoopers slo fast i ein rapport at UPH burde leggjast ned. Mangel på spesialisttilgang var årsaka.
Alternativt, vart Helse Førde råda til å opprette nokre sengeplassar ved dei distriktsmedisinske sentera, og få bistand frå Helse Bergen i dei tyngste tilfella.
Sterke reaksjonar
Tilsette i avdelinga reagerte mellom anna på at Helse Førde ikkje hadde prøvd å søkje etter barne- og ungdomspsykiater. Dei frykta også konsekvensane nedlegging ville få for psykisk sjuke born og unge i fylket.
Styret i Helse Førde valde å utsette avgjerda om UPHs framtid.
Vil ha tilbodet i Førde
I brevet til Helsetilsynet skriv fagdirektør i Helse Vest, Baard-Christian Schem at dagens sengetal ved UPH er vurdert til å vere noko høgt. Det kan reduserast til det halve.
Men fagdirektøren slår fast at det er viktig å oppretthalde eit døgntilbod for unge innan Helse Førde sitt felt.
Helse Vest meiner det i eit langsiktig perspektiv er mest gunstig å lokalisere tilbodet nært Sentralsjukehuset i Førde.
Det bør inngåast ei avtale med Helse Bergen for å understøtte Helse Førde sitt tilbod, meiner Helse Vest.
Søkjer etter spesialist(ar)
– Vi kan elles opplyse om at det no blir lyst ut stilling (ar) innan barne- og ungdomspsykiatri og at psykologspesialist er tilsett, avsluttar Baard-Christian Schem med i brevet til Helsetilsynet.
I dag har UPH spesialist i barne- og ungdomspsykiatri i vikariat ut året, og drifta vert vurdert til å vere forsvarleg.