Fire kommunar har mangelfull handtering av demens og medisinering.
Helsetilsynet i Sogn og Fjordane har gjort tilsyn i fleire kommunar i fylket. Ein undersøkte to område.
Det første var kommunane sine tiltak for å identifisere, greie ut og følgje opp heimebuande eldre med demenssjukdom, medrekna samarbeid med fastlegane.
Det andre ein undersøkte var heimetenesta si handtering av heimebuande eldre, som treng medisinar.
Ein rapport i etterkant av undersøkinga, viser avvik på eitt eller fleire av områda i alt fire av dei undersøkte kommunane.
Dårleg oppfølging ved demens
Verken Årdal, Gaular eller Gloppen sikrar at det er eit nødvendig samarbeid mellom fastlegane i kommunen og heimesjukepleien, når det kjem til oppfølging av pasientar med demenssjukdom.
Det er også avvik når det kjem til vidare undersøking ved mistanke om at pasientar er ramma av demens.
Sikrar ikkje kompetanse
Også når det kjem til oppgåver som er knyt til utdeling av legemiddel og oppfølging av medisinering, finn ein avvik i dei tre kommunane. Dette avviket fann ein også i Flora kommune.
Ingen av kommunane sikra at dei som har desse oppgåvene, har tilstrekkeleg kompetanse på området, står det i rapporten.