Harry Mowatt har slutta fred med Helse Vest, og trer inn att i styret for Helse Førde.
Mowatt tok kontakt med Helse Vests styreleiar Oddvard Nilsen onsdag føremiddag, etter å ha blitt sterkt oppmoda av styreleiaren i Helse Førde om å halde fram.
Nye signal
– Eg tolkar statsrådens utsegner under besøket i Førde som eit signal om at ein skal ha respekt for lokale avgjerder, og eg trur den same haldninga no pregar Helse Vest. Det gjer at eg kan gå inn att. Men eg angrar ikkje på den markeringa eg gjorde, seier Mowatt, som 19. februar forlet styret i protest mot overstyring og avgrensing av Helse Førdes handlefridom.
– Eg har også fått mange oppmodingar frå ulike kantar om å halde fram, seier Mowatt til firda.no.
Ok frå Helse Vest
Styreleiar Oddvard Nilsen stadfester at Mowatt har teke kontakt med han og sagt seg villig til å gå tilbake til styrearbeidet.
Nilsen seier han ikkje ser nokon grunn til ha noko eiga, formell handsaming av dette.
– Den styreutnemninga Helse Vest gjorde, og der Harry Mowatt er ein del av styret, gjeld, seier Oddvard Nilsen.