Utbyggingsplanar har fått endeleg nei frå departementet.
Olje- og energidepartmentet vil ikkje gjere om Norges Vassdrags- og energidirektorats avslag på søknaden om å byggje Tverrelva kraftverk ved Kandalen i Gloppen.
Klagen har vore under handsaming sidan 2007, til departementet no har sett sluttstrek, med eit vedtak som ikkje kan påklagast. Dermed blir det ingen ting av Sogn og Fjordane Energis planlagde kraftverk, som ville produsert om lag 12 GWh elektrisk kraft, om den hadde blitt noko av.
Naturinngrepa
Som NVE, meiner også departementet at naturinngrepa denne utbygginga ville føre med seg blir så store at at dei overstig fordelane ved utbygginga.
– Tverrelva kraftverk vil ha negative konsekvensar for Tverrelva som sentralt landskapselement i fosselandskapet i Myklandsdalen, skriv departementet i avslaget.
– Ei utbygging vil også gi terrenginngrep i landskapet, både i dalbotnen ved kraftstasjon og massedeponi, og i høgfjellet ved planlagt inntak. Reduksjonen av landskapsverdiane i Myklandsdalen vil svekkje området sin verdi for friluftsliv og turisme, skriv departementet.
Stølsdal
Tverrelva er ei sideelv til Myklandselva i Myklandsdalen i Gloppen. Departementet peikar i avslaget på at Myklandsdalen er ein stølsdal med aktiv seterdrift og beite, utan tyngre tekniske inngrep bortsett frå vegen. Fossen i Tverrelva utgjer eit sentralt landskapselement i dalføret.
Omstridd
Både Fylkesmannen, Sogn og Fjordane turlag og ei underskriftliste med 32 personar busette på Kandal meiner ei utbygging vil ha uakseptable negative konsekvensar.
SFE meiner m.a. at NVE har lagt for stor vekt på underskriftslista og at det i protestane er argumentert med faktafeil.
Både fylkeskommunen og Gloppen kommune har gått inn for utbygginga.