Sky ikon
EIGEDOM | MOTOR | JOBB | FOTO | LIVE
...
Arne Aasland og Førde Historielag meiner Førde må prioritere høgt å få opp eit krigsmomument. No ser det ut til at han når fram. Foto: Arne Stubhaug

Krigsminne ved rådhus?

Endeleg skal kommunen få minnestein for krigsoffer

Oppdatert 28.01.2012 kl 20:01

Førde er blant dei få kommunane i landet som ikkje har eit krigsmerke over lokal motstand mot okkupasjonen i åra 1940-45. No kan det bli ei endring på det.

Rådmannen stiller seg positiv til eit initiativ frå Førde Historielag om å setje ned ei nemnd som får i oppgåve å kome med framlegg til eit krigsmonument for krigsoffer og innsats for fred i Førde.

Minnestad

Historielaget meiner det er viktig å få ein minnestad til bruk i samband med dagar som 9. april og 8. og 17. mai, for å minnast innsatsen for nasjonal fridom og demokrati, men også som ein bodskap til yngre generasjonar.

Mange frå Førde kom med i kampane på Voss og i Valdres, og Førde fekk ei rolle som tysk kommandosenter på Vestlandet. Ulike former for sivil motstand førte til at fleire i bygda blei arresterte av tyskarane. Nokre fekk fangeopphald.

Tok risiko

- Kvinner og menn ytte sitt gjennom dagleg innsats under vanskelege kår. Mange førdianarar tok risiko ved å hjelpe russiske krigsfangar, skriv Arne Aasland på vegner av historielaget.

Fleire sette livet til under krigen, fortel Aasland og namngir fem.

Rådhuset?

Historielaget meiner Førde bør gje ein minnestein høg prioritet. Kunne ei plassering ved det nye rådhuset vere aktuell? spør Aasland.

Han meiner nemnda må avklare finansiering, føremål, plassering, utforming og tekst.

Nyhende

Får ikkje byggje kraftverk

Set inn ei tredje ferje

28 mistar jobben i 1881

Opprettheld flaumvarsel

Meiner hasj-ungdom lurer seg sjølv

Førde for stort for eit postnummer

Nyhende

Får ikkje byggje kraftverk

Set inn ei tredje ferje

28 mistar jobben i 1881

Opprettheld flaumvarsel

Meiner hasj-ungdom lurer seg sjølv

Førde for stort for eit postnummer

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
EIGEDOM | MOTOR | JOBB | FOTO | LIVE
KONTAKT OSS
Tipstelefon: 57 83 33 33
Sentralbord: 57 83 33 00
E-post: redaksjon@firda.no
Firda Media AS, Postboks 83, 6801 Førde
Besøksadresse: Firdavegen 12
Kundesenter: www.firda.no/kundesenter

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale