Overlege melder to saker til Fylkeslegen
Dr. Henrik Berg ved Nordfjord Sjukehus har meldt Helse Førde til Fylkeslegen i to saker.
Berg meiner leiinga i helseføretaket har sett liv og helse for lokalbefolkninga i Nordfjord i alvorleg fare av mangel på katastrofeberedskap og traumateam ved Nordfjord sjukehus, trass i bekymringsmeldingar over lang tid.
Han meiner Helse Førde har vist total mangel på interesse, planlegging og ansvar for å ivareta tryggleiken til 30.000 menneske i Nordfjord,og kallar det flaks at det gjekk bra under orkanen i julehelga.
- Bekymringsfulle dødsfall
Den andre saka han vil ha granska, går på at "leiinga i Helse Førde var kjent med bekymringsfulle dødsfall ved ortopediske pasientar" i 2008.
I meldinga frå Berg heiter det at "Helse Førde har ikkje varsla desse dødsfall i 2008, heller ikkje nemnt at dette var kjent seinare". Vidare står det at sjukepleiaren som melde dødsfalla som ei bekymring, no er kalla inn til oppseiings-samtale, på grunn av varslinga si til Fylkeslegen.
Helsefaggruppa offentleggjer
Det er Helsefaggruppa i Nordfjord som i ein epost til media går ut med at Berg har meldt dei to sakene inn for Fylkeslegen.
Ifølgje gruppa har dei ikkje berre rett, men også ei plikt til å varsle offentleg i ein situasjon der Helse Førde set liv og helse til innbyggjarane i alvorleg fare.
- Samtidig vil underteikna klargjere at dr. Henrik Berg ikkje har delteke i avgjerda om denne offentleggjeringa. Dr. Berg er bortreist den nærmaste månaden, skriv Bengt Georén på vegner av gruppa.
Ifølgje helsefaggruppa har Berg sendt kopi til Helse- og omsorgsdepartementet, Stortingets helse- og omsorgskomite og Helse Vest. Berg har lagt ved bevis i to dokument, heiter det.