Sky ikon
EIGEDOM | MOTOR | JOBB | FOTO | LIVE
...
Døme på honndøl frå Hornindal, kommunen der innbyggjarane har store vinnarlykke i Lotto. Foto: Ivar Longvastøl

Frå bygd med mykje flaks

Høgt oppe i vinnarlykke

Oppdatert 28.01.2012 kl 16:14

Honndølane har mest vinnarlykke i Sogn og Fjordane. Innbyggjarane i nordfjordkommunen har ifølgje VG hatt ein snittpremie i Lotto på 883,56 kroner sidan 2004, og ligg med det på ein 10. plass i landet.

Størst er vinnarlykka i Austrheim i Hordaland der snittpremien pr. innbyggjar sidan 2004 lyder 1610,22 kroner.

Jølster høgt

Jølster følgjer bak Hornindal med ein snittpremie på 848,81 kroner. Også Årdal er inne på topp 20, med ein snittpremie på 776,98 kroner på ein 18. plass.

Bakgrunnen for VG-saka er storpremien i Vikinglotto på 31,6 millionar kroner som hamna i Nordreisa i Troms førre onsdag. Avisa kårar Nordreisa til den nye lottobygda. I 2010 gjekk også ein premie på 36,4 millionar kroner dit.

Ingen på rekordlista

Høgste lottopremien nokon gong gjekk til Austrheim i Hordaland førre onsdag og var på 63,2 millionar kroner.

Ingen av dei 10 høgste premiane har hamna i Sogn og Fjordane.

Nyhende

Får ikkje byggje kraftverk

Set inn ei tredje ferje

28 mistar jobben i 1881

Opprettheld flaumvarsel

Meiner hasj-ungdom lurer seg sjølv

Førde for stort for eit postnummer

Nyhende

Får ikkje byggje kraftverk

Set inn ei tredje ferje

28 mistar jobben i 1881

Opprettheld flaumvarsel

Meiner hasj-ungdom lurer seg sjølv

Førde for stort for eit postnummer

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
EIGEDOM | MOTOR | JOBB | FOTO | LIVE
KONTAKT OSS
Tipstelefon: 57 83 33 33
Sentralbord: 57 83 33 00
E-post: redaksjon@firda.no
Firda Media AS, Postboks 83, 6801 Førde
Besøksadresse: Firdavegen 12
Kundesenter: www.firda.no/kundesenter

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale