Sky ikon
EIGEDOM | MOTOR | JOBB | FOTO | LIVE
Kart

Ein mann vart send til Førde sentralsjukehus etter å ha blitt slått ned ved ein utestad i Svelgen natt til laurdag.

Slo ned mann ved utestad

Meldingar om fyll og bråk natt til laurdag.

Oppdatert 28.01.2012 kl 08:30

Ein mann i 30-åra vart send i ambulanse til Førde sentralsjukehus, etter at han vart slått ned ved ein utestad i Svelgen natt til laurdag.

Politiet har loggført hendinga klokka 02.10. Dei rykka ut til staden, etter at dei fekk melding om saka, og skal ha fått forklaring både frå den mistenkte gjerningsmannen og fleire vitne. Bremanger lensmannskontor etterforskar saka.

I løpet av natta fekk politiet ein del meldingar om fyll og klagar frå naboar som vart forstyrra av støy og høg musikk på Krokane i Florø, på Kaupanger og i Stryn.

Klokka 00.41 vart politiet tilkalla på grunn av ein overstadig rusa ung mann på ein offentleg stad i Førde. Mannen vart etter kvart teken hand om av venner.

Omtrent samstundes kom det melding om pipebrann i Angedalsvegen. Brannvesenet skal raskt ha fått kontroll på staden.

Nyhende

Får ikkje byggje kraftverk

Set inn ei tredje ferje

28 mistar jobben i 1881

Opprettheld flaumvarsel

Meiner hasj-ungdom lurer seg sjølv

Førde for stort for eit postnummer

Nyhende

Får ikkje byggje kraftverk

Set inn ei tredje ferje

28 mistar jobben i 1881

Opprettheld flaumvarsel

Meiner hasj-ungdom lurer seg sjølv

Førde for stort for eit postnummer

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
EIGEDOM | MOTOR | JOBB | FOTO | LIVE
KONTAKT OSS
Tipstelefon: 57 83 33 33
Sentralbord: 57 83 33 00
E-post: redaksjon@firda.no
Firda Media AS, Postboks 83, 6801 Førde
Besøksadresse: Firdavegen 12
Kundesenter: www.firda.no/kundesenter

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale