Sky ikon
EIGEDOM | MOTOR | JOBB | FOTO | LIVE
...
Vida er på frifot, og eigaren ønskjer hjelp til å finne blandingshunden. Foto: Privat

Adoptert og forsvunnen

Leiteaksjon sidan onsdag etter Spania-hund

Oppdatert 27.01.2012 kl 21:40

- Har nokon sett Vida? spør Lars Geijerstam i Lavik.

Blandingshunden på tre år som tilhøyrer dottera hans, Christine, forsvann onsdag føremiddag.

På tur

Geijerstam var på tur til Kvamsstølen då hunden stakk av i granskogen ovanfor byggjefeltet i Lavik. Og sidan har ingen sett den, trass i mykje leiting.

- I dag, fredag, har sju-åtte personar med like mange hundar leita i liene inn- og utetter fjorden. Vi vil halde fram i morgon, om ikkje hunden dukkar opp, fortel Geijerstam.

Snø i fjellet

Han anar ikkje kva som har skjedd med hunden, men det er mykje hjort i området som den kan ha teke sporet av.

Det er så mykje snø i området at den neppe har stukke til fjells, trur han.

Adoptert

Christine bur til vanleg i Bergen med hunden, men Vida har vore mykje i Lavik og er godt kjend.

Tispa er opprinneleg ein spansk laushund som Christine adopterte for to år sidan.

Finn du hunden, ta kontakt med Christine på tlf. 970 14 146.

Nyhende

Får ikkje byggje kraftverk

Set inn ei tredje ferje

28 mistar jobben i 1881

Opprettheld flaumvarsel

Meiner hasj-ungdom lurer seg sjølv

Førde for stort for eit postnummer

Nyhende

Får ikkje byggje kraftverk

Set inn ei tredje ferje

28 mistar jobben i 1881

Opprettheld flaumvarsel

Meiner hasj-ungdom lurer seg sjølv

Førde for stort for eit postnummer

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
EIGEDOM | MOTOR | JOBB | FOTO | LIVE
KONTAKT OSS
Tipstelefon: 57 83 33 33
Sentralbord: 57 83 33 00
E-post: redaksjon@firda.no
Firda Media AS, Postboks 83, 6801 Førde
Besøksadresse: Firdavegen 12
Kundesenter: www.firda.no/kundesenter

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale