Skal ha samarbeidd om valdtektsforsøk. Politiet etterlyser vitne.
Natt til laurdag 14. august skal ei kvinne i 30-åra ha blitt utsett for eit valdtektsforsøk i Førde. Hendinga fann stad ved E-39 i Halbrendslia på fortauet i området mellom Askvollkrysset og Førde Pensjonat i tidsrommet mellom 02.30-04.00
– Kvinna skal ha blitt halden fast mot eit gjerde og teken på av to menn i 20–30 åra, seier etterforskingsleiar Gunnar Englund ved Førde og Naustdal lensmannskontor.
Skremde vekk gjerningsmenn
Ifølgje Englund vart overgrepet hindra av at ein mann i 30-åra kom til, og skremde vekk gjerningsmennene. Desse sprang vekk frå staden og oppover Halbrendslia.
– Vidare kom eit par, ein mann og ei dame i 30–35 åra, gåande ned Halbrendslia rett etterpå. Dei hadde kontakt med både fornærma og mannen som kom til, seier Englund.
Han beskriv redningsmannen som rundt 30-år, truleg med lyst hår.
Etterlyser vitne
No går politiet ut med ei etterlysing av dei involverte partane.
– Per i dag veit vi ikkje identiteten til partane. Kva som kjem ut av etterlysinga, er vanskeleg å sjå, seier Englund, som oppmodar personar som var ute i området i tidsrommet 02.30-04.00 siste helga før skulestart om å ta kontakt med Førde og Naustdal lensmannskontor.
– Enkeltståande tilfelle
Ifølgje etterforskingsleiaren kan kvinner i Førde framleis ferdast trygt ute.
– Dette er eit enkeltståande tilfelle. Vi har ikkje hatt noko liknande episodar på lang tid. Dette er ikkje noko daglegdags problem, seier Englund.