Sky ikon
NYTT | Foto | Fotball | Skatt | Sport | Ver
...
No skal det bli enklare å skyte jerv i naudverje. Illustrasjonsfoto.

Skal bli enklare å skyte

Jervesaka frå Stryn hamna i Stortinget

Oppdatert 09.09.2010 kl 15:36

For to år sidan skaut sauebonde Johan Berge i Oppstryn ein jerv som han hevda var i ferd med å angripe saueflokken hans.

Les også:

Berge nekta å betale bota han fekk og saka hamna i retten. Her blei bonden dømd til å betale 20.000 i bot og 15.000 i sakskostnader, noko som har fått mange til å reagere.

Nyleg stilte stortingsrepresentant Elisabeth Røbekk Nørve eit spørsmål til miljøvernminister Erik Solheim der ho ville vite om han er samd i domstolen si forståing av naudvergeretten, og om han meiner at domfelte har fått rimeleg behandling.

Les også:

Statsråden ville ikkje kommentere den konkrete saka, men viste til ei lovbestemming som enno ikkje er sett i kraft. Den vil føre til liberalisering av høvet til felle mellom anna jerv i naudverje, melder Fjordingen.

Nyhende

Er reklamane for store?

Trugar staten med rettssak

Stengde hotell på dagen

Dieselaggregat i brann

Vil gi kommunane meir handlingsrom

Rektor melder politiet

Nyhende

Er reklamane for store?

Trugar staten med rettssak

Stengde hotell på dagen

Dieselaggregat i brann

Vil gi kommunane meir handlingsrom

Rektor melder politiet

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
NYTT | Foto | Fotball | Skatt | Sport | Ver
KONTAKT OSS
Tipstelefon: 57 83 33 33
Sentralbord: 57 83 33 00
E-post: redaksjon@firda.no
Firda Media AS, Postboks 83, 6801 Førde
Besøksadresse: Firdavegen 12
Kundesenter: www.firda.no/kundesenter

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale