Sky ikon
NYTT | Foto | Fotball | Skatt | Sport | Ver
...
Til helga er det klart for ny fjellfilmfestival på Turtagrø. Foto: Pressefoto.

Samlar 1800 til fjellfilmfestival

Turtagrø lokkar med dunjakkedisco, film og turar

Oppdatert 09.09.2010 kl 15:17

Fjellfilmar og føredrag samlar 1800 menneske til festival på Turtagrø i Sogn kommande helg. Dunjakkedisco blir det og.

Fjellfilmfestivalen har vore arrangert sidan 2003, og førmålet er å fremme naturfilm og fjellkultur på ein positiv måte. I tillegg til cirka 30 filmvisingar kan deltakarane høyre føredrag av kjende eventyrarar som Liv Arnesen og Jarle Traa. Ludvig Fjeld og Sebastian Plur Nilsen vil fortelje historia om då dei vart angripne av ein isbjørn i teltet på Svalbard.

Det blir også mange flotte turar i området rundt Turtagrø, meteorologiføredrag på Fanaråken og konsert med Mhoo på fjellgarden Fuglesteg. Det er forlaget FriFlyt og Den Norske Turistforening som er arrangørar gjennom Stiftelsen Fjellkultur. (©NPK)

Nyhende

Er reklamane for store?

Trugar staten med rettssak

Stengde hotell på dagen

Dieselaggregat i brann

Vil gi kommunane meir handlingsrom

Rektor melder politiet

Nyhende

Er reklamane for store?

Trugar staten med rettssak

Stengde hotell på dagen

Dieselaggregat i brann

Vil gi kommunane meir handlingsrom

Rektor melder politiet

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
NYTT | Foto | Fotball | Skatt | Sport | Ver
KONTAKT OSS
Tipstelefon: 57 83 33 33
Sentralbord: 57 83 33 00
E-post: redaksjon@firda.no
Firda Media AS, Postboks 83, 6801 Førde
Besøksadresse: Firdavegen 12
Kundesenter: www.firda.no/kundesenter

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale