Sky ikon
NYTT | Foto | Fotball | Skatt | Sport | Ver

Skulle rekke røntgentime– mista lappen

Oppdatert 03.09.2010 kl 11:41

26- åringen gav full gass og køyrde på det han kunne for å nå røntgentimen sin ved Lærdal sjukehus før avdelinga stengte ein maidag i år.

Men det skulle ikkje gå heilt som planlagt for den polske mannen i midten av 20- åra.

For i 151 km/t i Lærdalstunnelen blei han ferska for råkøyringa i 80- sona, noko som gjorde til at mannen måtte møte i Sogn tingrett.

Mannen forklarte i retten at han skulle nå ein røntgentime og måtte køyre fort for å rekkje den.

Men forklaringa kom han ikkje langt med og den polske mannen blei dømd til fengsel i 14 dagar. Han må også greie seg utan lappen i 16 månader. I tillegg må han ta ny førarprøve når den tid kjem.

Nyhende

Er reklamane for store?

Trugar staten med rettssak

Stengde hotell på dagen

Dieselaggregat i brann

Vil gi kommunane meir handlingsrom

Rektor melder politiet

Nyhende

Er reklamane for store?

Trugar staten med rettssak

Stengde hotell på dagen

Dieselaggregat i brann

Vil gi kommunane meir handlingsrom

Rektor melder politiet

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
NYTT | Foto | Fotball | Skatt | Sport | Ver
KONTAKT OSS
Tipstelefon: 57 83 33 33
Sentralbord: 57 83 33 00
E-post: redaksjon@firda.no
Firda Media AS, Postboks 83, 6801 Førde
Besøksadresse: Firdavegen 12
Kundesenter: www.firda.no/kundesenter

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale