Sky ikon
NYTT | Foto | Fotball | Skatt | Sport | Ver
...
Midlane strekk ikkje til for vedlikehald av kyrkjene og gravplassane i Jølster. Foto: Kjell Aga Ulvestad

Berre 12.000 til vedlikehald av kyrkjer

- Vi får det ikkje til å gå rundt.

Oppdatert 03.09.2010 kl 11:07

- Etter at vi hadde lagt pengar til side til faste utgifter, hadde vi att 12.000 kroner til vedlikehald av to kyrkjer og tre gravplassar.

Dette hjartesukket kom frå tidlegare kyrkjeverje i Jølster, Jon Ivar Friborg, under formannskapsmøtet tysdag, skriv Firda Tidend.

Friborg orienterte formannskapet om store utfordringar med to gamle kyrkjer og eit krevjande publikum i høve til stell av gravplassane.

- Vi får fort kritikk om ikkje alt er på stell der. Folk ventar at vi skal slå kantane rundt kvar gravstein utan at vi sprutar gras innpå steinane. Slikt tek tid, sa Friborg.

Han meiner ingen i kommunen ville ha arbeidd under slike vilkår som dei som arbeider i kyrkja gjer.

- Vi må seie opp kyrkjeverje eller kyrkjegardsarbeidar for å få midlane til å strekkje til, og det kan vi ikkje, sa Friborg.

Nyhende

Er reklamane for store?

Trugar staten med rettssak

Stengde hotell på dagen

Dieselaggregat i brann

Vil gi kommunane meir handlingsrom

Rektor melder politiet

Nyhende

Er reklamane for store?

Trugar staten med rettssak

Stengde hotell på dagen

Dieselaggregat i brann

Vil gi kommunane meir handlingsrom

Rektor melder politiet

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
NYTT | Foto | Fotball | Skatt | Sport | Ver
KONTAKT OSS
Tipstelefon: 57 83 33 33
Sentralbord: 57 83 33 00
E-post: redaksjon@firda.no
Firda Media AS, Postboks 83, 6801 Førde
Besøksadresse: Firdavegen 12
Kundesenter: www.firda.no/kundesenter

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale