Sky ikon
NYTT | Foto | Fotball | Skatt | Sport | Ver
...
Tone Damli Aaberge blir sexuthengt i ein ny nettserie på TV2. Pressefoto. Foto: Bjørglie og Bergersen

Sex-uthengt med Giske på nettet

Oppdatert 03.09.2010 kl 14:36

I ein nettserie på TV2 blir Tone Damli Aaberge og nærings- og handelsminister Trond Giske uthengt i ein sexsketsj.

Fleire kjendisar blir parodiert i serien «Kjendisbloggerene» som blir vist i haust.

Då den første episoden blei presentert torsdag, var det nærings- og handelsminister Trond Giske som blei henta fram ilag med Sogndals-jenta.

I serien møter vi ein animert Giske på eit vorspiel, der han fortel om eit møte han hadde med Aaberge på ein fest helga før.

– Som næringsminister føler eg faktisk at eg har ein del å lære ho Tone om «eksport og import», seier den animerte Trond Giske, medan han rører hoftene heftig og simulerer samleie.

Etter dette slår han seg sjølv på rumpa taktfast fleire gonger og seier:

«I want more girls to fuck in my Hummer truck».

Ifølgje Dagbladet, som skriv om saka fredag, vil ikkje Giske eller Damli Aaberge kommentere saka.

Nyhende

Er reklamane for store?

Trugar staten med rettssak

Stengde hotell på dagen

Dieselaggregat i brann

Vil gi kommunane meir handlingsrom

Rektor melder politiet

Nyhende

Er reklamane for store?

Trugar staten med rettssak

Stengde hotell på dagen

Dieselaggregat i brann

Vil gi kommunane meir handlingsrom

Rektor melder politiet

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
NYTT | Foto | Fotball | Skatt | Sport | Ver
KONTAKT OSS
Tipstelefon: 57 83 33 33
Sentralbord: 57 83 33 00
E-post: redaksjon@firda.no
Firda Media AS, Postboks 83, 6801 Førde
Besøksadresse: Firdavegen 12
Kundesenter: www.firda.no/kundesenter

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale