Tjuvar stakk av søppeldunkar
Tjuveriet av to 600- liters søppeldunkar som har stått plassert ved brannstasjonen i Stryn, hamnar no på politiet sitt bord.
Tidlegare i sommar forsvann den eine søppeldunken, som var merka hytterenovasjon, og ein ny ein blei sett opp ved brannstasjonen.
Men denne fekk ikkje stå lenge før søppeldunk- tjuvane slo til igjen.
– Slike simple tjuveri kan vi ikkje akseptere. Difor blir saka meldt til politiet, seier Svein Ottar Sandal til Fjordingen.
Ifølgje Sandal i Nomil. skjer det av og til at hushaldningsdunkar forsvinn, men det er første gong at nokon har bestemte seg for å rappe dunkar som er så store.
No vurderer Nomil å låse fast dunkane.