Stengt veg skaper trøbbel for mange pendlarar på riksveg 57
Vanlegvis har Atle Strand frå Strand, seks km frå Dale innanfor fjorden, ein liten køyretur på ti minutt før han er på jobb i kommunehuset i Dale.
Men no vil rasfarlege riksveg 57 mellom Dale og Osen bru det annleis for han og om lag ti andre pendlarar i området.
Vegen blei stengt onsdag og resten av dagen på grunn av rasfare.
– No må eg køyre om Sygna og Guddalen for å komme meg på jobb, noko som fører til ein køyretur på 60 km. I morgon tidleg kjem eg til å bruke 1, 5 time til jobben, seier Strand som også måndag måtte køyre om etter at det gjekk ras i området.
Les også: og
– Men det er også fleire andre som må køyre den same omvegen. Vi er om lag ti pendlarar som må tidlegare opp om morgonen, konstaterer han.
Sjølv om han er godt vant med rasfaren på vegstrekninga, mistar han ikkje nattesøvnen av den grunn.
– Vêrforholda har vore spesielle den siste tida, så eg bekymrar meg ikkje. No ventar vi også på ny tunnel og den vil nok vere på plass om nokon år, seier Strand.