Sky ikon
NYTT | Foto | Fotball | Skatt | Sport | Ver
...
Konsernsjef i Sogn og Fjordane Energiverk Ole Schanke Eikum er glad for millionløyvinga. Arkivfoto. Foto: Svein Heggheim

28 millionar til fjernvarme i Måløy

Oppdatert 10.03.2010 kl 14:32

Enova har tildelt 28 millionar kroner til Fjord Miljøenergi AS for bygging av Ulvesund Kraftvarmeverk på Trollebø i Måløy.

Reduserer CO2- utslepp

Anlegget skal vinne att energi frå avfall og vil ha ein kapasitet på levering av inntil 64GWh fornybar energi.

Kraftvarmeverket skal i første byggjetrinn forsyne industrien på Trollebø med damp, medan framtidige byggjetrinn vil tilby fjernvarme i sentrale deler av kommunen. Fullt utbygd vil fjernvarmeanlegget i Måløy erstatte forbrenninga av 6,4 millionar liter olje årleg i industri og lokale varmesentralar, og bidra til å redusere utsleppa av CO2 med 18000 tonn årleg. Desse kutta svarar til dei årlege utsleppa frå om lag 9000 personbilar.

– Potensialet for konvertering til fornybar energi i industrien er monaleg, og dette er eit område som vil bli satsa på i tida framover, seier rådgjevar Andreas Stokke i Enova SF.

God miljøgevinst

– EU-direktivet som forbyr deponering av gjenvinnbart avfall vart gjort gjeldande i Norge i fjor, og frå vårt omland vert dette transportert ut av regionen og i stor grad ut av landet for å nyttast i energiproduksjon. Måløy-anlegget vil gjere det mogeleg å hente ut desse verdiane i vår region, og samstundes gje miljøgevinst for lokalsamfunnet og næringsmiddelindustrien gjennom redusert bruk av fyringsolje, seier Trond-Inge Kvernevik, dagleg leiar i Fjord Miljøenergi.

Glad for millionløyvinga er også konsernsjefen i Sogn og Fjordane Energiverk:

– SFE er ein av eigarane i Fjord Miljøenergi. Gjennom støtta frå Enova er Ulvesund Kraftvarmeverk eitt steg nærare realisering – noko som vil bety auka produksjonen av fornybar energi, samt auka verdiskaping for SFE, seier Ole Schanke Eikum.

Fjord Miljøenergi har tidlegare motteke kr 500.000 i støtte frå Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane til utvikling av fjernvarme i Sogn og Fjordane. Selskapet har og fjernvarmekonsesjon i Førde.

Nyhende

- Kva retning bør kunstlivet ta?

Prikken som fekk lappen til å fly

Gjennom sentrum med stil

Mykje brusdrikking kan gi astma

Gode tal for Gjensidige Bank

- Namnet er ikkje problemet

Nyhende

- Kva retning bør kunstlivet ta?

Prikken som fekk lappen til å fly

Gjennom sentrum med stil

Mykje brusdrikking kan gi astma

Gode tal for Gjensidige Bank

- Namnet er ikkje problemet

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
NYTT | Foto | Fotball | Skatt | Sport | Ver
KONTAKT OSS
Tipstelefon: 57 83 33 33
Sentralbord: 57 83 33 00
E-post: redaksjon@firda.no
Firda Media AS, Postboks 83, 6801 Førde
Besøksadresse: Firdavegen 12
Kundesenter: www.firda.no/kundesenter

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale