Sky ikon
NYTT | Foto | Fotball | Skatt | Sport | Ver
...
Like etter at Arve hadde passert rundkøyringa ved Førde Hotell i retning Gaular, høyrte han veldige dunkelydar frå bakdekket. Denne nøkkelen har skulda.

- Dette er maks uflaks

Slik såg bildekket til Arve ut etter køyreturen

Oppdatert 11.03.2010 kl 14:35

– Først var eg sikker på at nøkkelen var planta der, eg kunne ikkje forstå korleis den elles kunne hamna i hjulet, seier Arve Ekehaug.

Trudde nøkkelen var planta

Måndag punkterte 18- åringen frå Bjørvikstranda i Gaular bildekket sitt på ein svært uvanleg måte i Førde sentrum.

– Like etter at eg hadde passert rundkøyringa ved Førde Hotell i retning Gaular, høyrte eg veldige dunkelydar frå bakdekket, seier Arve som stoppa ved ei busslomme like etterpå.

Her hoppa kompisen ut for å sjekke kva som hadde skjedd med bilen.

– Og då han ropte at det stod ein nøkkel i bakhjulet trudde eg han berre ikkje, seier den ferske sjåføren som tok lappen i førre veke.

– Først trudde eg at nøkkelen var planta, men eg trur nok at eg har køyrt over nøkkelen på gata, seier 18- åringen.

- Maks uflaks

Den nye bilen, som Arve henta på Austlandet førre helga, måtte innom Førde Vulk til reparasjon.

– Og dei sa at dei aldri hadde opplevd noko liknande før, seier 18 - åringen.

– Det var maks uheldig at noko slikt skulle skje. Ingen andre eg kjenner har nokosinne opplevd noko liknande før, seier Arve Ekehaug som ikkje ser mørkt på framtida som sjåfør etter den uheldige starten.

- Nei, det skal nok gå bra, seier 18- åringen som i dag får hente bilen sin på verkstad.

Nyhende

- Kva retning bør kunstlivet ta?

Prikken som fekk lappen til å fly

Gjennom sentrum med stil

Mykje brusdrikking kan gi astma

Gode tal for Gjensidige Bank

- Namnet er ikkje problemet

Nyhende

- Kva retning bør kunstlivet ta?

Prikken som fekk lappen til å fly

Gjennom sentrum med stil

Mykje brusdrikking kan gi astma

Gode tal for Gjensidige Bank

- Namnet er ikkje problemet

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
NYTT | Foto | Fotball | Skatt | Sport | Ver
KONTAKT OSS
Tipstelefon: 57 83 33 33
Sentralbord: 57 83 33 00
E-post: redaksjon@firda.no
Firda Media AS, Postboks 83, 6801 Førde
Besøksadresse: Firdavegen 12
Kundesenter: www.firda.no/kundesenter

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale