Sky ikon
NYTT | Foto | Fotball | Skatt | Sport | Ver
...
Statens vegvesen åtvarar om stor skredfare. På dette biletet ser vi eit ras i Kjøsnesfjorden ein tidlegare vinter. Foto: Arne Stubhaug

Ber alle vere ekstra på vakt

Vegvesenet har sett i verk forsterka overvaking og kartlegging på grunn av stor skredfare.

Oppdatert 10.03.2010 kl 14:36

Statens vegvesen ber alle trafikantar om å vere ekstra på vakt når dei ferdast ute på vegane. Skredfaren er stor på heile Vestlandet på grunn av mildvêret og regnet som er varsla det nærmaste døgnet.

- Statens vegvesen har sett i verk forsterka overvaking og kartlegging av vegnettet. Dette blir gjort ved hjelp av personar med lokalkunnskap, opplyser Vegvesenet i ei pressemelding.

Der går det fram at fleire vegar kan bli stengde på kort varsel det neste døgnet.

Det er store mengder is, både i skjeringar og fjellsider. Når temperaturen stig og det kjem nedbør i form av regn, er risikoen for lokalt nedfall av stein, snø og is svært stor.

Motor

SUV-suksessen blir helt ny

Storfangst i fjorden

– Barnet kan bli knust

Dette skiltet er lovlig

Snipp, snapp, snute...

Facebook i kupeen

Motor

SUV-suksessen blir helt ny

Storfangst i fjorden

– Barnet kan bli knust

Dette skiltet er lovlig

Snipp, snapp, snute...

Facebook i kupeen

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
NYTT | Foto | Fotball | Skatt | Sport | Ver
KONTAKT OSS
Tipstelefon: 57 83 33 33
Sentralbord: 57 83 33 00
E-post: redaksjon@firda.no
Firda Media AS, Postboks 83, 6801 Førde
Besøksadresse: Firdavegen 12
Kundesenter: www.firda.no/kundesenter

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale