Sky ikon
EIGEDOM | MOTOR | NÆRING | FOTO | LIVE

Førde for stort for eit postnummer

Er ein av 26 kommunar i Norge som får nye og fleire nummer.

Oppdatert 22.02.2012 kl 13:12

Frå 1. oktober 2012 skal 26 større tettstader og mindre byar i Norge delast inn i fleire postnummer.

- Ved å ta i bruk fleire postnummer vil vi oppnå betre og meir effektiv sortering og distribusjon av brev og pakkar. Større byar i Norge har alt ei inndeling med bruk av fleire postnummer, og no har veksten i folketal gjort det naudsynt med meir detaljert inndeling fleire stader, skriv Posten i ei pressemelding.

I alt blir 108.000 husstandar og 12.000 verksemder omfatta av endringane, men ein del av desse vil behalde dagens postnummer. Kommunane som vert omfattande kjem ifølgje Posten til å bli kontakt i nær framtid.

- Den endelege inndelinga i nye postnumer vil vere klar 1. juni. Før sommaren vil alle husstandar og verksemder i dei 26 aktuelle tettstadane og byane få ein informasjonsfaldar om endringane, opplyser Posten.

Førde by har i dag postnummer 6800. I tillegg vert postnummera 6801, 6802, 6803, 6804, 6805, 6806, 6807 nytta til postboksadresser. I tllegg har bygdene Holsen og Haukedalen eigne postnummer, høvesvis 6819 og 6818.

Eigedom

Dette kan bli ditt!

Norske design til USA

Postkasser uten lås

Stiv pris for enkel hytte

«Morderne» kommer

Det kan gå i svart

Eigedom

Dette kan bli ditt!

Norske design til USA

Postkasser uten lås

Stiv pris for enkel hytte

«Morderne» kommer

Det kan gå i svart

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
EIGEDOM | MOTOR | NÆRING | FOTO | LIVE
KONTAKT OSS
Tipstelefon: 57 83 33 33
Sentralbord: 57 83 33 00
E-post: redaksjon@firda.no
Firda Media AS, Postboks 83, 6801 Førde
Besøksadresse: Firdavegen 12
Kundesenter: www.firda.no/kundesenter

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale